Politistasjonssjef Terje Sperrevik om stoda på Kvamskogen
I samtale med Karl Ole Midtbø, styremedlem Kvamskogen Vel

Også i år har vi hatt ein førjulsprat med stasjonssjefen. Når vi no går mot slutten av året kan det vera greitt å høyra kva politiet tenkjer om utviklinga på skogen.
Slik Sperrevik vurderer det er ikkje urovekkande ting å melda. Situasjonen er som den har vore dei siste åra.
Det er på alle måtar trygt å ha hytte på Kvamskogen. Det er meld om få innbrot og lite kriminalitet.
Gjennom året har det vore nokre få trafikkulukker, men trafikkbiletet må likevel reknast som generelt bra.…






