Utspyling av ledningsnett Kvamskogen
Info fra kommunen: Kvam herad har som mål å levera drikkevatn med best mogleg kvalitet. Reingjering av vassleidningane er eit av verkemidlane for å oppnå dette. Kvam herad vil difor utføra utspyling (pluggkøyring) av kommunalt vassleidningsnett på Kvamskogen. Arbeidet vil bli utførd i veke 43 i tidsrommet frå ca. kl. 08.00 til 15.00. Under arbeidet vil vatnet kunne verta heilt eller delvis borte. NB! Det vil ikkje verta utspyling på Fredager. I tidsrommet då arbeidet pågår bør ein ikkje tappa vatn i springen, då beredarar og utstyr kan verta tilført slam.…