Innbetaling til løypepreparering sesongen 23 – 24

Pr. 15. mars d.å. har det blitt innbetalt på tilsende giroar og VIPPS frå 1228 personar. Aldri før har so mange betalt inn pr denne datoen – takk til alle saman!

Me har eit håp om at 1500 hytter eller brukarar ville vera med å støtta dette fellestiltaket, 600,- kroner  til VIPPS 91 705. eller konto nr 35300708577.

Løypene på Kvamskogen er i god stand og vil vera preparert heile påsken og framover til  1 Mai i år.

På vegne av Næringslaget og alle brukarane vil eg samstundes nytta høve til å takka dei som seint og tidleg har vore ute for å laga gode løyper til oss alle saman.

Ha ein flott skipåske .

Med venleg helsing

Henrik Steine

Styreleiar Kvamskogen Næringslag

You may also like...