Øyvind Valland

Eg er oppvaksen i Norheimsund, og har hatt Kvamskogen som ski og tur område heile livet. Spesielt gjennom eit aktivt medlemskap i Norheimsund Hjelpekorps sidan år 2000 har eg tilbrakt svært mykje tid på Skogen. I 2005 kjøpte eg ei hytte i Kvednaskogen frå 1936, som eg har totalrenovert gjennom mange år.

Eg jobbar som instrumenttekniker i Nordsjøen, og av organisasjonserfaring har eg sete i styret i Norheimsund Røde Kors i mange år, i tillegg til to år i distriktsrådet for hjelpekorps i Hordaland Røde Kors.

Eg har vore styremedlem i Kvamskogen Vel i 8 år, eit av dei som styreleiar. Grunnen til at eg meldte meg for styret i Kvamskogen Vel i 2011 var eit ynskje om å modernisere foreninga, og prøve å bli kvitt Kvamskogen Vels rykte som protestorganisasjon. Dette har vore ein tung prosess, men med dagens styre ser eg svært positivt på framtida. No kan me fokusera på å gjera Kvamskogen til ein betre friluftslivsdestinasjon, og eg brenn mellom anna for å utbetra sti- og turvegnettet slik at ein kan gå tørrskodd mellom hyttefelta.

Eg er pr i dag ansvarleg for drift av parkeringsplassane til Kvamskogen Vel. Har du innspel eller spørsmål knytte til parkering må du gjerne ta kontakt.