Karl Ole Midtbø

Eg har nett blitt så gamal at eg ikkje treng vera tilsett nokon stad😎

Vi kjøpte hytte i Kleven i 1998, og brukar den like mykje om sommaren som vinterstid.

Yrkeslivet mitt kan greitt delast i tre hovuddelar: musikar og dirigent i Forsvarets musikk, leiar i Os kommune og musikksjef og generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund.

Som ny i styret for Kvamskogen Vel kan det fort henda at erfaringa mi frå 15 år som leiar i kommunen kan verta nyttig. Det ligg mykje potensiale i tett samarbeid med Kvam herad når det gjeld utviklinga av Kvamskogen.

Som mange andre er også eg oppteken av vidare utvikling av tur- og løypenettet, og at tilhøva ligg best mogeleg til rette – både for oss som har hytte her og for dei som kjem opp på dagstur.

Hytta vår ligg i område der fartsgrensa framleis er 80. Det synes tydeleg at det er langt tryggare å ferdast der denne er blitt senka.