Husk tilskott til preparering av turløypene på Kvamskogen!
Frå styreleiar Henrik Steine i Kvamskogen Næringslag
Kvamskogen Næringslag har teke på seg ansvaret for å få inn nok tilskot til å betala for preparering av 65 km turløyper.
Preparering vert utført av Kvamskogen Hytteservice AS på 4 årleg kontrakt frå 2024 til 2028.
Me har no sendt ut giro for innbetaling til sesongen 2026 – bruk den og betalt inn. Det er pr dato om lag 400 som har betalt av 2600 utsendte invitasjonar til å vera med på finansieringa av maskinprepareringa av løypene. Takk til all som er med.
Viss du ikkje har mottatt den, eller ønskje å betala på VIPPS, kan du senda til kto.nr. 3530 07 08577, merka med «Løypepreparering» og ditt namn. Sender du med VIPPS, bruk #91705 Kvamskogen Næringslag
Da er komet lite snø hittil, men alle løyper som har nok, er jevnleg preparerte og gode.
I 2025 var det 17,5% færre som betalte for prepareringa enn i 2024. Det medførte at løyperegnskapen ga et underskott på kr 177.248, -. Dette inkl. ny bru over orfallet på Fossdalsvatne.
Me i Kvamskogen Næringslag minna om at det er inngått kontrakt på løypeprepareringa med fast pris, og som må betalast anten det er mykje eller lite snø. Me er difor avhengig av at alle bidreg med si støtte slik at prepareringa kan oppretthaldast til felles nytte og glede både dette året og i årene som kjem!
Tusen takk for alle bidrag
Kvamskogen Næringslag
Henrik Steine, leiar

