Utspyling av ledningsnett Kvamskogen

Info fra kommunen: Kvam herad har som mål å levera drikkevatn med best mogleg kvalitet. Reingjering av vassleidningane er eit av verkemidlane for å oppnå dette. Kvam herad vil difor utføra utspyling (pluggkøyring) av kommunalt vassleidningsnett på Kvamskogen. Arbeidet vil bli utførd i veke 43 i tidsrommet frå ca. kl. 08.00 til 15.00. Under arbeidet vil vatnet kunne verta heilt eller delvis borte. NB! Det vil ikkje verta utspyling på Fredager. I tidsrommet då arbeidet pågår bør ein ikkje tappa vatn i springen, då beredarar og utstyr kan verta tilført slam. Ver venleg å tappe opp vatn til eige forbruk i forkant av tidsrommet då vatnet vert borte. I det vatnet vert kopla inn att kan vatnet vera noko misfarga og det kan vera noko luft i leidningane som må ut. La vatnet renna i kaldtvasskrana ei stund før vatnet vert teke i bruk att. Spørsmål kan rettast til vakttelefon 56 55 34 00

You may also like...