Tilskott til preparering av turløypene på Kvamskogen!

Frå styreleiar Henrik Steine i Kvamskogen Næringslag

I midten av februar skreiv eg at da var om lag 400 som har betalt av 2600 utsendte invitasjonar til å vera med på finansieringa av maskinprepareringa av løypene. No, vel i månad seinare, er det 1050 som har betalt inn – stor takk til alle saman!

Etter midten av februar har det kome mykje av både regn og snø. Til tider så mykje regn at løypemaskona ikkje kunne køyre utan å skade løypene meir. Men, har køyrt når da har vore mogleg.

Me i Kvamskogen Næringslag minna om at det er inngått kontrakt på løypeprepareringa med fast pris, og som må betalast anten det er mykje eller lite snø. Me er difor avhengig av at alle bidreg med si støtte slik at prepareringa kan oppretthaldast til felles nytte og glede både dette året og i årene som kjem!

For å kunna betale iht kontrakt,  budsjetterte med at 1250 brukarer ville betala tilsendt giro. Da betyr at vi nå treng at 200 til betaler inn: Viss du ikkje har mottatt giroen, eller ønskje å betala på VIPPS, kan du senda til kto.nr. 3530 07 08577, merka med «Løypepreparering» og ditt namn. Sender du med VIPPS, bruk #91705 KvamskogenNæringslag

Tusen takk for alle bidrag

Kvamskogen Næringslag

Henrik Steine, leiar

You may also like...