Politistasjonssjef Terje Sperrevik om stoda på Kvamskogen
I samtale med Karl Ole Midtbø, styremedlem Kvamskogen Vel

Også i år har vi hatt ein førjulsprat med stasjonssjefen. Når vi no går mot slutten av året kan det vera greitt å høyra kva politiet tenkjer om utviklinga på skogen.
Slik Sperrevik vurderer det er ikkje urovekkande ting å melda. Situasjonen er som den har vore dei siste åra.
Det er på alle måtar trygt å ha hytte på Kvamskogen. Det er meld om få innbrot og lite kriminalitet.
Gjennom året har det vore nokre få trafikkulukker, men trafikkbiletet må likevel reknast som generelt bra.
Lokalt politi og UP har hatt nokre fleire fartskontrollar enn før, og spesielt i Eikedalen har det vore nokre tilfelle der trykket på gasspedalen burde vore redusert.
Det vert lova at det stadig vil bli fleire kontrollar, også på sjølve skogen, så det er berre å passa farten!
Til liks med Kvamskogen Vel er også politiet spent på kva som kjem ut av vidare arbeid og tiltak for å auka trafikktryggleiken i nærmiljøet vårt.
Til slutt kjem Sperrevik med eit litt spesielt råd for utgangen av 2025. Det er lite som tyder på at Kvamskogen vert dekt av snø i nyttårshelga, og med veret vi har kan det det bli tørt i terrenget.
Ha dette i tankane før du fyrer av fyrverkeriet!
Politistasjonssjefen helsar God jul og eit godt nytt år!
Dersom det er trong for bistand frå politiet i Kvam, ring
56 55 35 00, 02800 eller bruk mailadressa post.vest@politiet.no

